Fotavtrykk i naturen og kunstgras ved Stangvik kyrkje

Av
Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

- Motstanden mot kunstgrasbanar aukar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, skriv Torbjørn Brøske, Stangvik.

- Motstanden mot kunstgrasbanar aukar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, skriv Torbjørn Brøske, Stangvik. (Foto: )

DEL

KUN 99 kr for ALT på nett.

LeserbrevEtter at kampen mot legging av kunstgras på leikeplassen ved Stangvik kyrkje var førebels tapt, har det vore ganske stille om saka, men ikkje heilt. Motstanden mot kunstgrasbanar aukar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Lokalt kjem det klart til uttrykk

- når mange gjev uttrykk for sorg over at kulturlandskapet rundt Stangvik kyrkje er forringa, slik fylkeskonservatoren forutsa ville skje dersom det vart lagt kunstgras her.

- når mange undrar seg over at det er brukt 1,5 millioner kroner på tiltaket og

- når det er vorte kjent at gummigranulatet på banen (gamle oppmalte bildekk) er svært helsefarleg.

Nasjonalt kjem det klart til uttrykk

- når nye rapportar viser at avrenning frå kunstgrasbanar representerer ein stor del av forureininga i norske fjordar  («gummigranulat fra kunstgressbaner kan stå for cirka 1.500 tonn mikroplast per år, … som ender opp i ferskvann eller havet.»)  Gummigranulat frå kunstgrasbanar er å finne i mykje fisk, og Greenpeace-leiar Truls Gulowsen var svært kritisk til verknadene av gummigranulat i kunstgrasbanar (Dagsrevyen 2. februar 2017).

- Bydelsutvalget i Søndre Nordstrand, Oslo, sette fram eit forslag om «- totalforbud mot bruken av gummigranulat på alle kunstgressbanene i bydelen.»  Forslaget vart samrøystes vedteke av bystyret.

- Bergen kommune forbyr no bruk av granulat av oppmalte bildekk på nye banar og krev utskifting på eksisterande anlegg (Dagsrevyen 8. februar 2017).

- når norske fotballtrenarar og leiarar peikar på det uheldige resultatet av at norske ungdomar spelar på kunstgras (Solskjær, Rekdal, Fjørtoft, Olsen og flere): «Solskjær slår alarm og tar et oppgjør med «nye» Norge og kunstgress» .

Internasjonalt kjem det klart til uttrykk

-ved at ein kan lese om store aksjonar i fotballmiljø i Nederland, England og i USA som alle er i ferd med å forby/trappe ned bygging av kunstgrasbanar.

- fleire miljøvernorganisasjonar ber regjeringa om å aktivere FNs miljøprogram for å «erstatte gummigranulat i kunstgressbaner med mer miljøvennlige alternativer.» Og miljøvernministeren minte i Dagsrevyen for nokre dagar sidan om at «- gummikuler fra kunstgresssbaner er en stor kilde til mikroplast i havet».

Søndag 4. september 2016 var det møte på Sjøbruksmuseet i Bøfjorden. Temaet den dagen var hagedyrkaren Jacob Christian Tokle frå Stangvik. Her vart mannen og bygda framheva, han som ivrig dyrkar og importør av «tusentals europeiske plantar», og bygda framheva som kanskje Nordmøres fremste biotop for alt som kan vekse og gro, og ein naturvakker stad.

Avisreferatet frå møtet i Bøfjorden gav meg tanken: Dette er nok kunnskap åleine til å innsjå at i dette kulturlandskapet passar ein kunstgrasbane dårleg inn, slik Fylkeskonservatoren skriv: «Kunstgrasbane her vil forstyrre og forringe det visuelle intrykket av Stangvik kyrkje og verke skjemmande på det heilskapelege miljøet. Dette gjeld særleg dei planlagde lysmastene». Kva ville Tokle meint? Og kva meiner Katarina Wedelsbäch-Bladh - med doktorgrad i plantekunnskap - om kunstgras i dette naturgrøne landskapet?

Den 19. mai 2016 hadde eg eit ope møte om kunstgrasbanen i Stangvik kor vi fokuserte på sakshandsaminga, kulturlandskapet og dei helsemessige sidene knytt til kjemianalysene av gummigranulatet som er gjennomført ved universitet i Danmark og Tyskland. Av dei 22 personane i kommunale verv og ombod eg inviterte skriftleg, var det ingen som kom. Men legen eg hadde invitert var der, og uttalte seg saman med andre fagfolk (Harald Myrås, Nils Røv) kritisk til banedekket (gummigranulatet).

Ifølge avisreferat sa lege Birgitte Sæther Moen: «Som lege ser jeg brann-/og skrubbsår på unger som er svarte etter fall på kunstgressbanene. Stoffene fra granulatet går inn i blodløpet, og jeg vil advare spesielt små barn mot å leke på slike baner. De minste kan dessuten fort putte de små gummikulene i munnen, sier Moen, og legger til: Jeg vil advare spesielt barnehager å legge aktiviteter til Svissholmen eller de andre kunstgressbanene».

Den 11. september 2016 var ein skuleklasse på banen for leik og ballspel. Det forundrar meg at skulen ikkje tek legen si vurdering meir alvorleg.

Framande planter- kanskje innført av Tokle, Hallvor Svinvik og andre lokale hageivrarar- skal utryddast frå den norske floraen. Det gjeld lupin, krypmispel, rips, kirsebær , syrin ... I år har visst Surnadal kommune brukt pengar på å rydde ut slike svartelista planter som ikkje høyrer heime i vår naturlege flora.

Samstundes har altså kommunen bruka over 1 million kroner på kunstgras på ein leikeplass ved Stangvik kyrkje med eit påviseleg svært helsefarleg dekke, til forringelse av eit historisk sterkt lovsikra kulturlandskap. Og dessutan: «Lov om vern mot forurensninger og om avfall» (forurensningsloven) definerer bildekk som spesialavfall. Miljødirektoratet og Statens forurensningstilsyn skriv tydeleg: «Deponering av dekk i enhver form er forbudt i henhold til deponiregelverket». Det hindrar altså ikkje at kommunen kan leggja tonnevis med gamle, oppmalte bildekk på ein leikeplass for barn.

For å kunne godkjenne tiltaket med kunstgrasbane i Stangvik måtte Fylkesmannen seie at dette området ikkje er fotballbane, men ein «samlingsstad for aktivitet». For er dette ein fotballbane, ja, da er det brot på den tinglyste avtalen med Miljødirektoratet om at arealet er «statleg sikra friluftsområde» og berre skal kunne brukast til «friluftsføremål for ålmenta». 

Eg har bede Miljødirektoratet om ein merknad og dei skriv i svaret sitt m.a. (24.05.2016): «Sidan statusen til området som statleg sikra friluftsområde er kjent for Surnadal kommune, går vi ut frå at Miljødirektoratet ikkje er bedd om samtykke av di kommunen har vurdert tiltaket som innanfor friluftsformålet» Og Miljødirektoratet legg til: «Vi ser ikkje slike tiltak på statleg sikra friluftsområde ofte. Kommunane finn som regel anna areal enn sikra friluftsområde i strandsona til anlegg for idrett eller i grenselandet til idrett» Kommunen har altså tillatt deponering av cirka 1.000 oppmalte bildekk i eit statleg sikra friluftsområde ope i dagen!

Eg er spent på å sjå kva for politikar og politisk parti som først vågar å koma med forslag om å fjerne kunstgrasbanen i Stangvik, og dei andre kunstgrasbanane. Vi må kanskje leve med forringelsen som er skjedd med kulturlandskapet rundt Stangvik kyrkje, og ha eit ope deponi med mange tonn spesialavfall liggjande midt i bygda. 

Seinare tider vil døme fotavtrykket som er sett ved Stangvik kyrkje.

Artikkeltags