Når kvardag vert hverdag

Av
Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Fredrik Hope, nestleiar i Norsk Målungdom.

Fredrik Hope, nestleiar i Norsk Målungdom.

DEL

KUN 99 kr for ALT på nett.

LeserbrevFor litt sidan delte skulen i heimbygda mi ei lenkje til nettstaden foreldrehverdag.no på Facebook. Foreldrehverdag.no vert drifta av eit departement, og sjølv om sida verka som ein informativ nettstad, vart eg skuffa då eg klikka meg inn. Ingen av tekstane var på nynorsk.

På skulen der eg kjem frå har nynorsk vore opplæringsmål i over 100 år, og alle elevane har nynorsk som sitt språk. Sjølv om desse elevane er i fleirtal lokalt, er dei i mindretal nasjonalt. Nynorskelevar ser utruleg mykje bokmål i kvardagen, noko som gjer det vanskelegare å lære fyrstespråket sitt skikkeleg. Dette vert ikkje betre når statlege nettsider berre kjem på bokmål.

Foredrehverdag.no er ikkje ei side som rettar seg til elevane, men det er òg viktig at informasjon som går ut til foreldra kjem på rett språk. Storparten av foreldra til ungane på denne skulen er nynorskbrukarar. Dei treng som borna å sjå nok nynorsk i kvardagen til å halde fram som trygge nynorskbrukarar. 

Dette er ein av dei mange grunnane til at mållova finst. Lova krev at statsorgan som rettar seg til heile landet skal veksle mellom nynorsk og bokmål slik at båe språka vert nytta nok. Eg meiner at det er rettast at sider som foreldrehverdag.no finst i ein nynorskversjon og ein bokmålsversjon. Det er i alle fall ein start å få talet nynorsktekstar opp frå 0 til 25 prosent.

Det er ikkje greitt at staten pøsar på med bokmål inn i kvardagen til born og foreldre i nynorskland. Når staten støttar friviljuge organisasjonar som sender ut informasjon til skulane, må det skje på både nynorsk og bokmål. Staten jobbar for både nynorsk- og bokmålsbrukarar, og landet de er sett til å tene har både nynorsk- og bokmålsområde. I Noreg har foreldre både kvardag og hverdag ­– og det synst ikkje på foreldrehverdag.no.

Artikkeltags