Møreaksen eller Romsdalsaksen?

Av
Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Møreaksen.

Møreaksen.

DEL

KUN 99 kr for ALT på nett.

LeserbrevVi må i løpet av nokre år redusere trafikken vår til det halve, og meir av den som blir igjen må skje med kollektivløysingar. Då vil verken Møreaksen eller Romsdalsaksen vere den gode løysinga.

Den gode løysinga er å skifte ut ferjene i Møre og Romsdal til ladbare ferjer som i hovudsak går på straum. Då vil utsleppa gå mykje ned, utan at vi samtidig aukar utsleppa med alternativa.

Mellom Molde og Hjelset blir det planlagt ny veg fordi det er for mykje trafikk på noverande veg. Det er samtidig klart at ein må bygge gang- og sykkelveg langs noverande veg, fordi resttrafikken framleis vil vere for stor. Også her er løysinga å redusere trafikken til det halve og løyse mykje av restbehovet med kollektivløysingar. Då slepper ein nye, store inngrep med ein heilt ny vegtrase.

Dei andre byane i fylket bør løyse sine problem på same måte, redusere trafikkbehovet og løyse resten av behovet med auka kollektivdel.

Kunnskapen om kva som skal til er godt kjent. Trafikkprising, slik at dei siste kilometrane inn mot dei store stadene må koste meir med privatbil, samtidig som kollektivløysingane blir utvida. Færre parkeringsplassar og høgare parkeringsavgift. Dette saman med god planlegging av busettingspolitikken gir gode resultat.

Naturvernforbundet krev at prosjektet ferjelaus E39 blir skrota. Vi vil ha ladbare ferjer og tilrettelegging for stor auke i kollektivtrafikken, i tillegg til tilrettelegging for gåande og syklande.

Artikkeltags