Solistane er velkomne tilbake
Aure vil gjerne ha meir av både spelemannslaget frå Trondheim og sine eigne gjestemusikantar.
Så stor var begeistringa, at Trondheimsolistene var knapt ferdig med første sats av Griegs «Holberg-suite» før publikum braut ut i applaus.
– Eg forstår jo at de berre måtte klappe for dette. Det er jo ikkje det at vi spelar så bra, men det er jo så flott musikk, var kunstnerisk leiar og cellist Øyvin Gimse sin humoristiske kommentar til det positivt utolmodige publikummet.
Da konserten var slutt og orkesteret ferdig med den livlige finalen i Benjamin Brittens «Simple Symphony», tok publikum skikkelig igjen og gav Trondheimsolistene med gjestemusikarar Nora Kjørsvik, Vegard Hansen og Björn Sjögren, langvarig, ståande applaus.
Nora Kjørsvik var gjest med orkesteret i mellom anna «Bruremarsj frå Aure», medan Vegard Hansen og toraderen hadde både solo- og samspelnummer med Trondheimsolistene. Björn Sjögren var solist i konsertens Telemanns konsert for bratsj for eit publikum på 250 Aure kyrkje.
Speilet
Du kan bli med på El Cueros nye LIVE-album
- De unge trenger noe mediefritt
Speilet
Du kan bli med på El Cueros nye LIVE-album
- De unge trenger noe mediefritt